mandag 16. april 2012

Den arabiske våren

Kva rolle spelte sosiale media i den arabiske våren?
Først, kva er den arabiske våren? Det er eit namn på opprøret i den arabiske verda i 2011 med formål om å skape endringar i arabiske land. Opprøret blei utløyst i Tunisia i fjor.
Døden til Bouazizi var den utløysande faktoren til opprøret i Tunisia, då styresmaktene ikkje ville høyre på han og han tende på seg sjølve. Etter at Bouazizi døde, blei andre menn i andre arabiske land, særleg i Algerie og Egypt, inspirert til å ta

sjølvmord med sjølvpåtenning i eit forsøk på å betre dei sosiale forholda i landa.
Dei tunisiske aktivistane har blant anna nytta Twitter for å uttrykkje støtte til Bouazizi. Dei sosiale media kan ha spelt ei viktig rolle i gjenopplivinga av den arabiske nasjonalismen og rask spreiing av kunnskap om kva som skjer mellom dei ulike arabiske landa. Det er ei frykt for at opprøret skal spreie seg til andre arabiske land.
I mai 2011, blei det i Israel mobilisert nokre tusen palistinarar til protestmarsj mot grensa på grunn av ein facebook – oppfordring. Fleire menneske blei såra og 13 palistinarar blei drepne.