Når Susanne og meg var ute å leita etter gatekunst på Bryne, måtte me fleire gonger stoppe opp å tenkje: "er dette gatekunst?" når me såg ulike graffitiar på veggar. Me valgte å ta eit bilete for mykje, enn eit for lite, og inkluderte altså alt me trudde kunne vere gatekunst.
Om graffiti er kunst eller hærverk ,er eit vanleg spørsmål krig temaet gatekunst. Det første biletet nedafor er av eit trafikkskilt. Er dette gatekunst, eller hærverk
Om graffiti er kunst eller hærverk ,er eit vanleg spørsmål krig temaet gatekunst. Det første biletet nedafor er av eit trafikkskilt. Er dette gatekunst, eller hærverk
Bileta nedafor kan me trygt seie er gatekunst, og ikkje hærverk:
1: strikketøy kring tre med Bryne Mekk,
2: steinar i storgata er bytta ut med lysande, dekorerte brikker
og 3: trappetrinn med fotspor og handtrykk.
Nedafor har gatekunstnaren nytta sjablongar for å spraye biletet sitt. Dette biletet fann me fleire gonger på Bryne(i det midterste biletet har nokon farga over det):
Dette var det første biletet me tok, og me lurer fortsatt på om det er gatekunst, eller ikkje. Det er ei samling av steinar som er plasserte som ein spiral midt i eit byggefelt. Kvifor er desse steinane her? Skal det vere pynt, eller leiketøy for born så dei kan hoppe fra ein stein til ein annan? Det er mykje stein på Jæren, og dei kunne ha vore plasserte her tilfeldig, men dei er plasserte i eit mønster.
Så kva er gatekunst? Det er ikkje lett å seie. Eg trur eg konkluderar med at skulpturane til Røed ikkje er gatekunst. Ja, det er kunst i det offentlege rom, men dei er plasserte i ein eigen park. Dei lysande brikkene , graffitien av ansiktet og strikketøyet kring trea synes eg er gode døme på gatekunst som er plasserte der mange folk ser dei. Vil avslutte dette innlegget med å sitere ein gatekunstnar:
"Folk er vant til å se de flinkeste kunstnerne i gallerier hvor de selger bildene sine. De forventer ikke å komme over et mesterverk på gata. Det er her opplevelsen av poesien kommer inn, dette er kunst du ikke kan kjøpe og ta med hjem, den oppstår og finnes kun på gata." - fra Klassekampen og teksten "Gatekunst er byens poesi"
Kilder: http://klassekampen.no/59124/article/item/null/-gatekunst-er-byens-poesi
http://no.wikipedia.org/wiki/Gatekunst