I denne boka ser Lene tilbake på dei ulike miljøa og kulturane ho har opplevd, med kritiske auge. Ho ser tilbake i historia og på korleis kulturen var under den andre verdskrigen. Faren til Lena var ”tyskarborn”, og ho ser tilbake på korleis kulturen var for farmora hennar som ein landssvikar, og Lena prøvar å forstå kvifor ho gjorde det. Me får sjå på oppveksten hennar, og korleis ho opplevde det å veksa opp i bedehusmiljøet. Ho fortel om kulturen der og normene om kva som var rett og gale. I byrjinga av boka får Lena eit kunststipend til Berlin. Ho reisar bort og går på eit galleri der ho møtar andre kunstnarar. Ho drit seg ut og lurar på kva no ho skal gjere. Ho stoppar opp å tenkjer på om det var ei meining likevel, at ho fekk eit opphald i Tyskland. Det er slik ho byrjar å tenkje på farfaren som kanskje bur i Tyskland, på Hitler og den andre verdskrigen og på fortida si.
Verkemiddel/stil
Boka er eit teikneseriehefte der ho nyttar få ord, men bilete som utrykkjar mykje. Bileta er enkle, og personane er enkelt teikna. Til dømes har dei berre to prikkar som auge. Når ho visar fram alle ”nestenkjærastane” sine, teiknar ho utsjånaden deira, og presenterar dei gjennom yrka sine, ikkje namna. Dette gjer eit upersonleg preg, og seier noko om forholda ho hadde til desse mennene. Det er nytta ekta bilete av og til. Til dømes når ho fortel om krigen, ser me at ei av teikneserierutene visar eit bilete som er teke under krigen. Det er eit svart/kvitt bilete som gjer eit gammaldags preg og visar at dette skjedde for ei stund si. Språket er ikkje høgtideleg, men kvardagsleg. Det gjer det lett for lesarane å forstå og skapar ein intimitet med oss.
Tema/Bodskap
Temaet i boka til Lene er identitet. Dette kjem tydeleg fram gjennom historia og verkemidla ho nyttar. Bodskapen er at det kan vere vanskeleg å vete kven ein er og kva ein vil. Sjølve synes eg Lene sitt liv(historia) får godt fram bodskapen og at ho nyttar eit godt døme med å fortelje om eigne erfaringar. Boka er aktuell i dag, og eg trur mange kan kjenne seg igjen i tinga ho skildrar. Eg synes at boka kunne vere litt provoserande, på grunn av skildringane og måtane ho fortel om erfaringane sine.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar