fredag 30. mars 2012

Fordjupingsoppgåve: indisk kultur

Problemstillinga mi: Kva inntrykk får ein av den indisk kulturen gjennom filmen ”Bride and prejudice”? 


Litt fakta om filmen: 
- Utgitt i 2004
- Romantisk musikal
- Regissør: Gurinder Chadha
- Frå Jane Austin og ”Pride and prejudice”


Kort om handlinga i filmen:
Filmen handlar om Lalita og familien hennar som held til i ein by i India. Verken Lalita eller nokon av systrene hennar er gifte, så dette stressar mora. Familien møtar på to amerikanarar i eit bryllaup, og mora er veldig begeistra sidan dei er rike og har gode jobbar. Han eine er indar og vert forelska i storesøstera til Lalita, medan han andre amerikanaren vert forelska i Lalita. Filmen dreiar deg om korleis desse forholda utviklar seg og om det kulturelle møtet. 


Om filmen:
Med å bruke kjende skodespelarar, overtydar filmprodusentane lettare publikum til å sjå filmen deira. I ”Bride and prejudice” er hovudpersonen Lalita ei kjend skodespelarinne i India som også er tidlegare miss world vinnar. I tillegg er den eine bipersonen, ein kjend skodepelar frå serien ”Lost”. Filmen har dermed etos fordi publikum veit at denne filmen kjem til å verte bra, og blir dermed overtydde til å sjå den.
Kobling
Gjennom ei etnosentriske tilnærming har eg studert kulturen til India gjennom filmen, og notert ned kva eg synest var spesielt i forhold til min kultur.
Filmatisk: 
Dans og sang: eg talte ni sangar der skodespelarane sang og dansa om situasjonen dei var i. Til dømes så syng Lalita og dei to venene hennar om at ho eine skal gifte seg: http://www.youtube.com/watch?v=GeXIFXDlOJE
- Lengde: generelt er Bollywood – filmane lange og kan vare i fleire timar. Denne filmen varte i underkant av to timar, og er dermed litt kortare enn vanleg. I tillegg er handlinga langtrukken, med tanke på at det er mykje fram og tilbake. Til dømes så er forholdet mellom Lalita og amerikanaren veldig opp og ned.
Oppbygging: filmen følgjer ”Hollywood – modellen” der det er harmoni i byrjing av filmen, så stig spenninga opp mot eit klimaks der alt vert avklart og harmonien kjem attende.

Det eg legg merke til som er annleis kulturelt, er:
 - ”Arrangert” ekteskåp: foreldra, spesielt mora er veldig bekymra over at ingen av døtrene hennar er gifte. Det har vore fleire friarar etter dei eldste søstrene, men ingen av dei har vore gode nok(økonomisk). Så når den indiske amerikanaren visar interesse for den eldste dottera hennar, er ho overbegeistra. Seinare i filmen ser me at mora har kontakta ein rik indisk amerikanar til å kome å besøke familien for å finne seg ei kone. Lalita likar han ikkje fordi hu synest han er rar og i tillegg er ho ikkje forelska i han. Mora vert oppgidd og sint over valet til dottera og seier at ho ikkje vil snakke med henne resten av livet dersom ho ikkje velgjer han. Dette er eit veldig seriøst utsegn, som er veldig fjernt for oss nordmenn å forstå. Mora seier også: ”You get married first, then love grows”, noko som er nesten motsatt av korleis det er for oss i vesten. I Noreg er det mange som vert forelska og giftar seg tidleg, og vert skuffa når forelskinga går over og dei vel å skilje lag. Ein annan ting eg reagerar på, er at foreldra bryr seg ikkje om at dersom den eldste søstera giftar seg med amerikanaren, kjem ho til å flytte vekk frå familien. Det verkar som om foreldra bryr seg meir om å gifte vekk døtrene og gje dei ein økonomisk tryggleik, framfor å ha dei buande i nærmiljøet.
 - Ein verdi som står veldig sterkt hos familien til Lalita, er å bruke tid med familien. I motsetnad til nordmenn som flyttar ut tidleg, og lev kanskje med kjærasten sin som sambuarar heile livet, bur jentene i denne filmen heime heilt til dei giftar seg. 
- Eg får i tillegg inntrykk av at dei nesten alltid er heime, og lite opptekne med arbeid og aktivitetar. Det er også veldig viktig med respekt for foreldra og be om deira tillating. Når den indiske amerikanaren ynskjer å danse med systera til Lalita, ber han foreldra hennar om tillating. Med å gjere dette, vert han sjølve respektert av foreldra. Ein annan ting eg la merke til var at dei åt maten med hendene. Kleda til Lalita og familien er veldig fargerike og, men eg merka at dei også gjekk med jeans og t – skjorte(amerikask). Det verkar som dei ynskjer å halde på sin tradisjon for klede og nyttar dermed mest indiske klede.
- Tradisjon er som sagt viktig får me inntrykk av, og ein av dei viktigaste tradisjonane er bryllaup. Filmen byrjar og avsluttar med eit bryllaup, og me ser at dei feirar på ein annan måte enn det me gjer i Noreg. Når først nokon skal gifte seg, verkar det som dei nyttar moglegheita til å samle vener og familie og feirar gjerne over fleire dagar. Festane er fylte med mykje musikk og dans.

Det som også er spanande og ta tak i når det gjeld denne filmen, er kulturkræsjen mellom den indiske kulturen og den vestlege kulturen. Det er skilnad på dei to amerikanarane, han eine er indar og er vand med dei indiske tradisjonane, medan han andre har aldri vore i India før og har mange fordommar. På mange måtar kan eg kjenne meg att i denne amerikanaren og kva han tenkjer. Den amerikanske og norske kulturen er ganske lik, og då har me nesten dei same kulturelle brillene på oss når me ser på den indiske kulturen. Amerikanaren er ein dynamisk person som endrar på haldningane sine, men det er nokre tankar som det tek lengre tid å endre på. Det verkar som han har eit filter som han ikkje berre kan ta av og på som ein kan gjere med brillene, men noko djupare. Eg tenkjer på kulturfilteret. Kulturfilteret til amerikanaren har djupe røter og er farga av oppveksten hans, foreldra og venene. Dermed kan ein nytte kulturfiltermodellen for å forstå betre korleis amerikanaren som mottakar oppfattar den indiske kulturen og teikna Lalita sendar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar