lørdag 17. september 2011

Kva er ære?

Ære er eit stort omgrep. Ord som kom opp i klassen: status, posisjon, stoltheit, æresdrap, verdi, identitet, personlege eigenskapar, songen: ”Deg være ære” og uttrykket: ”heider og ære”. I dette innlegget skal eg utforske dette ordet og betydinga av det.

”Æres den som æres bør”
Nokre seier ein må fortene ære. ”Ære er noe du får/har, ikkje noe du tar.” Denne påstanden er henta frå ei diskusjonsside på nettet. Betyr det at for å fortene ære må ein gjere noko spesielt? Må ein ha gjort noko ekstra stort for at folk skal sjå opp til deg, og gje deg ære? For å ta eit døme: me syng songen ”Deg være ære” i kyrkja, kvifor?

”Deg være ære,
Herre over dødens makt!
Evig skal døden være
Kristus underlagt.
Lyset fyller haven,
se, en engel kom,
åpnet den stengte graven,
Jesu grav er tom!

Refr.:
Deg være ære,
Herre over dødens makt!
Evig skal døden være
Kristus underlagt.

Se, Herren lever!
Salig morgenstund!
Mørkets makter bever.
Trygg er troens grunn.
Jubelropet runger:
Frelseren er her!
Pris ham, alle tunger,
Kristus Herre er!

Frykt ikke mere!
Evig er han med.
Troens øye ser det:
Han gir liv og fred.
Kristi navn er ære,
seier er hans vei,
evig skal han regjere,
aldri frykter jeg.”

I songen syng me om Kristus(Jesus) som sigra over døden og gjer oss liv og fred. Me gjer ære til Jesus, på grunn av det han gjorde for oss. Me kallar denne songen ein lovsong. Ikkje ein vanleg song som ”Summer of 69” eller ”Love me do”, mein ein song til Jesus der ein vil æra(lovprisa) han for kva han har gjort og kven han er.

Kan folk berre få ære, eller må dei gjere ting for å fortene æra? Når Jesus ofra seg sjølve for oss, seier det litt om kven han er. For at folk skal få ære for kven dei er, verkar det som om dei må vise at dei fortener det gjennom gjerningar. Kanskje det stemmer det som mannen på diskusjonssida sa?

Nokon seier at det motsette av ære, er skam. Handlar skam også om gjerningar? ”Eg skammar meg over deg!”, ”Du bør skamme deg!” eller ”Du har kasta skam over familien!” er uttrykk som vert nytta når nokon har gjort noko veldig negativ , noko skamfullt. Det første og andre uttrykket kan vere noko mora seier til sonen sin etter han har gjort noko ho meinar er feil. Det siste uttrykket kan ein møte i muslimske land. I eit land der Islam dominerar, er det skamfullt dersom ein i familien ikkje er muslim. I dei verste tilfella, kan konverter bli drepne av søskena sine for å ikkje kaste skam over familien. Her vil eit naturleg spørsmål vere: er ikkje familiemedlemmar meir verdt enn ære?

Det siste dømet ovafor, kallar me eit æresdrap. Slike drap kan skje i mannsdominerte land der til dømes kvinner krenker mennene. Dersom ei kvinne ikkje vil ha mannen som er vald til henne, kan ho verte drepen for å ha krenka familien og mannen.

Kongen sin fortenestemedalje blir gitt til folk som har gjort ein stor innsats. Til dømes dersom nokon har arbeidd i ein frivillig organisasjon og gjort ein stor innsats, gjerne over tid. ”Det er ein ære” å få denne medaljen tildelt av kongen. ”Kongens fortenstmedalje vart stifta av Kong Haakon VII 1. februar 1908. Han blir delt ut "til lønn for fortenster av kunst, vitskap og næringsliv, og for framifrå forhold i offentleg teneste".” Ein kan få medaljen i sølv og gull, alt etter kor stor det er, det du har gjort.






(Biletet er henta frå Wikipedia)

Kjelde: http://www.kongehuset.no/c27050/artikkel/vis.html?tid=27598

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar